Nytt om lakselusa sin livssyklus

Lakselus: Foto: Havforskningsinstituttet

Lakselus: Foto: Havforskningsinstituttet

Havforskningsinstituttet melder at nye forskingsresultat viser at lakselus har sju ulike larvestadium før han utviklar seg til eit vakse individ. Tidlegare har ein meint at det var ni.

Sidan lusa skiftar skal mellom kvart stadium, har han også færre skalskifte enn det ein tidlegare har trudd, noko som kan vere viktig kunnskap i kampen mot lakselus på oppdrettsfisk.

Ein av grunnane til at forskarane frå Havforskingsinstituttet og Sea Lice Research Centre ville undersøkje om talet på skalskift hos lakselus var riktig, var at det er uvanleg med ni skalskift før det vaksne stadiet i den dyregruppa som lakselusa tilhøyrer. Dei nye resultata viste at det riktige var at han har sju skalskift før han er vaksen, og dermed har han ein enklare livssyklus enn det ein tidlegare meinte.

Les meir på HI sine nettsider

 

 

2 Responses

  1. Kjell R. jørgensen

    Jeg har noen spørsmål,.
    Hvor dypt kan lakselus leve i sjøen?
    På hvile dyp fester den seg på laksen?

    • Are Kvistad

      Sjekket med Ketil Rykhus, han sier at lakselus kan gå ganske dypt, kanskje ned mot 20 m.
      Det meste (80-90%) av det som er aktuelt for havbruk skjer over 8-10 m dyp
      Kontakt for eksempel Havforskningsinstituttet http://www.imr.no dersom du vil vite mer om lakselusens biologi.

Legg inn en kommentar

© Lusedata